STILLE SANGER - en høstkonsert

Stille sanger
Sundag 25.10.2009
Kl.: 18.00

Anne Lande – song
Per Husby – piano

Lande og Husby inviterar med konserten “Stille sanger” inn til ein mjuk, blå haustkveld – med lågmælt vakker musikk og rikeleg med ro og rom for ettertanke og tilbakeblikk.

På repertoaret står både viser, bossanova, sokalla standardlåtar og eige materiale. Alle tekstar er på norsk, og er ført i pennen av mellom andre Alf Prøysen og Kjell Aukrust.
Konserten vert bunden saman av dikt av Hans Børli, Rolf Jacobsen, Jon Fosse og Kolbein Falkeid.
Per Husby er ein folkekjær, allsidig og erfaren pianist og komponist. Han er kjend frå utallige opptredingar i musikkverda og media, ikkje minst som kappellmeister i NRK sine DaCapo-program.

Anne Lande er kanskje mindre kjend, men har drive med musikk og halde konsertar i mange år – parallelt med yrket som samtaleterapeut.

Saman har duoen gjeve ut albuma Sakte sanger (2006) og Helt nær (2009), og konserten baserar seg på materiale frå desse.

Bill 150,-/120,-

Gå til Anne Lande si heimeside for smakebitar og meir informasjon
www.annelande.no

Legg til ekstern kalender…