BMX med Per Jørgensen

Thomas Dahl – gitar Njål Ølnes – saksofon Øyvind Skarbø – trommer Per Jørgensen – trompet

BMX starta i 2006, opphavleg meint som eit eingongstilfelle inspirert av Motian/Frisell/Lovano-trioen, men utvikla seg raskt til noko heilt anna. Med i hovudsak originalt materiale søkjer gruppa å utvikla songar i sanntid under kvar einaste framføring og å gje musikken ei kjensle av vakker utforsking. Med tonnevis av profesjonell erfaring er dette eit band med sterk musikkforståing og søkjelys på samspel. Standardformer og tradisjonelle rollar er erstatta av opne øyre og vilje til å ta sjansar.
Per Jørgensen er kjend som ei unik røyst, både på trompet og ved hjelp av stemmebanda i Noreg og har gjesta oss både som gitarist i Bergen Bluesband og som trompetist i Jøkleba, for å skildra ørlite av det han har gjort gjennom åra.

Myspace

Legg til ekstern kalender…